Måndag kveld gjekk fleire ørstingar saman om å starte ein Spleis for Fugl Føniks.
– Det siste året har vore eit vanskeleg år for mange, inkludert Fugl Føniks. Mange har vist støtte med å besøke og handle i kafeen, men det er også fleire som vegrar seg for å treffast ute denne tida. No må vi støtte dei som vågar å satse i bygda vår. Om mange gir litt, kan vi vise kor høgt vi set pris på deira innsats, heiter det frå initiativtakarane som oppmodar til å støtte alle lokale verksemder.
Tøffe tider for serveringsstadane
– At folk er lydige er bra, men det er ikkje bra for bedrifta
Spleisen vart starta etter artikkelen i Møre-Nytt om stoda til fleire av serveringsstadane i Ørsta. I løpet av nokre timar hadde det kome inn 7.000 kroner. Målet er sett til 30.000 kroner.
– Kanskje ein symbolsk sum i det store biletet, men det viser samstundes at vi er mange som set pris på dei og at vi ønsker å ha Fugl Føniks i bygda i framtida, seier Ida Aarflot Kornberg som er ein av initiativtakarane.