Tilbake på gult nivå

Ørsta ungdomsskule: Ungdomsskular og vidareåande skular er no tilbake på gult nivå nasjonalt.  Foto: Janne-Marit Myklebust/Arkiv

Nyheiter

Nasjonalt tiltaksnivå for ungdomsskular og vidaregåande skular er justert ned frå raudt til gult nivå.

– Ørsta ungdomsskule har raudt nivå ut veka og går tilbake til gult nivå frå måndag 25. januar. For Vartdal skule får nedjusteringa lita praktisk betyding, dei skifter nivå rimeleg raskt. Sæbø skule går attende til gult nivå frå onsdag 20. januar, opplyser Ørsta kommune.

Med nedjusteringa til gult nivå opnar og fotballfritidsordninga opp att.

– For barneskulane inneber dette inga endring, med unntak av at fotballfritidsordninga startar opp att 19. januar. Dermed opphøyrer ordninga der elevar frå FFO fekk SFO-tilbod på Velle og Vikemarka skular.