Får andre vaksineringsdose komande veke

Kristian Øye fekk den første korona-vaksina i Ørsta. Vaksinen vart sett av sjukepleiar Hege Fossheim Marøy.  Foto: Ørsta kommune

Nyheiter

I den første veka av 2021 starta vaksineringa mot covid-19 i Ørsta. Komande veke får dei først vaksinerte ved Ørstaheimen si andre dose.

– Vi er også i gang med kartlegging av vaksinering av personale. Dei har fått informasjon om vaksinen og dei fleste har uttrykt at dei ønskjer vaksinen når den blir tilgjengeleg, opplyser Ørsta kommune.

Seksjon omsorg og sjukeheim har samla alt dagaktivitetstilbod ved dagavdelinga Hagestova.

– Det betyr at det primært er brukarar med demenssjukdom som får eit tilbod, men ein har opna for ei individuell vurdering av enkelte andre brukarar med stort hjelpebehov. Grunna smitteverntiltak vil dei fleste brukarane ha eit avgrensa tilbod, dette er og avhengig av nasjonale og lokale tiltak under pandemien. Det har vore drift ved denne dagavdelinga sidan mai 2020, med ein auke av tilbodet i løpet av sommaren og hausten etter kvart som ein gjorde seg erfaringar.

Det er ikkje smitte på sjukeheimane/bufellesskapa no.

– Elles følger vi tiltak knytt til besøksavtale, registrering av besøk i tilfelle smittesporing og vi unngår å nytte personale frå andre avdelingar og helseinstitusjonar.