Har unngått smitte

– Er krevjande å ta vare på godt smittevern over tid

Bakk-Ola-marka: Det har ikkje vore registrert smitte i helse- og velferdstenestene i Ørsta kommune. 

Nyheiter

I helse- og velferdstenestene i Ørsta kommune har det ikkje vore registrert utbrot av covid-19.

– Tenesteyting i alle einingane går som normalt, og alle einingar har til no unngått smitte. Det er krevjande å ta vare på godt smittevern over tid, og det kostar i form av innleige av vikar og stadige endringar, opplyser Ørsta kommune.

Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka har halde ope med gode smitteverntiltak.

– Det same har Møteplassen og Småjobbsentralen. Enkeltaktivitetar, som Bingo, har gått ut siste 14 dagane som følgje av nasjonale føringar. Dagtilbod på Hamna og i Furene AS har også vore ope for brukarane.