Nytt smittetilfelle etter innreise

Koronatesting.   Foto: Svein Nordal

Nyheiter

– I går kveld, 14.01.21, fekk vi meldt om ei ny positiv koronaprøve. Ein person testa seg 13. januar etter innreise frå eit nordisk land, opplyser Volda kommune i ei pressemelding.

Personen som har fått stadfesta covid-19 var i reisekarantene og er no sett i isolasjon.

– Det er berre ein nærkontakt til dette smittetilfellet som også var i karantene etter innreise.