Nytt smittetilfelle i Volda

Onsdag kveld vart det meldt om eit nytt smittetilfelle av covid-19 i Volda.

Koronatesting.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

- Personen tok test 12. januar etter reise frå utlandet. Personen var i reisekarantene, og er no sett i isolasjon. Personen har svært avgrensa nærkontaktar, heiter det i ei pressmelding frå Volda kommune..

Det vart teke 629 testar i veke 1. Så langt denne veka er det teke 297 testar i Ørsta og Volda.

Vaksinering

Volda kommune har mottatt 25 vaksiner denne veka. Torsdag skal 20 pasientar på sjukeheimen ved Hornindal omsorgssenter få vaksine. Fredag skal fem vaksiner bli gitt til kritisk helsepersonell.

- Komande veke vert resten av bebuarane på sjukeheim på Volda omsorgssenter vaksinert, og vi skal starte å vaksinere dei som bur i omsorgsbustad, heiter det i pressemeldinga.