Låg del nordmenn får vaksine i første kvartal

Dei tre første månadene i år vil berre ein liten del av den norske befolkninga få koronavaksinen, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).

Oslo 20210107. Smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet under pressemøte om status for koronavaksinasjon. Foto: Jil Yngland / NTB  Foto: Jil Yngland

Nyheiter

– Det er ein relativt roleg opptrappingsplan, sa smitteverndirektør Geir Bukholm ved FHI på eit pressemøte torsdag morgon.

Ifølgje Bukholm er alle kommunane i landet, bortsett frå seks, no i gang med vaksinasjonen. Sidan tysdag har talet på vaksinerte auka frå drygt 4.000 til over 11.000, opplyser smitteverndirektøren.

I dag seier sju av ti nordmenn at dei vil ta vaksinen. Oppslutninga er større jo eldre ein er, og fleire menn enn kvinner er positive til vaksinen, viser undersøkingar.

Usikker levering

Førebels forventar FHI å få rundt 6 millionar dosar av Pfizer- og Moderna-vaksinen i 2021. Men det er stor uvisse når det gjeld leveringstakten, ifølgje Bukholm.

– Vi veit aldri heilt korleis han blir, seier han. Førebels får Noreg rundt 40.000 vaksinar i veka.

Noreg har òg ein avtale om å få 3,3 millionar dosar av Astrazeneca-vaksinen når den blir godkjend.

Alle vaksinane er todosevaksinar. Det betyr at med desse tre vaksinane kan rundt 4,5 millionar nordmenn bli vaksinerte gjennom året.

Få svar

Framleis veit ein likevel lite om korleis vaksinane verkar, seier direktør Audun Hågå i Legemiddelverket, som særleg tok for seg Moderna-vaksinen.

– Vi har enno ikkje fått gode svar på om denne vaksinen hindrar smittespreiing, og veit enno ikkje kor lenge effekten sit i. Det vil vi finne ut etter kvart, seier han.

– Vi veit heller ikkje nok om korleis vaksinen verkar på dei eldste, gravide, barn og dei med nedsett immunforsvar, seier Hågå.