Dei nye smitteverntiltaka blir forlengde til 19. januar

Regjeringa forlengjer smitteverntiltaka med éin dag fram til 19. januar. Årsaka er at Erna Solberg skal gjere greie for Stortinget om situasjonen dagen før.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) seier at regjeringa forlenger smitteverntiltaka med éin dag.   Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Nyheiter

– Statsministeren har bede om å få gjere greie for Stortinget om situasjonen og tiltaka 18. januar. Det er derfor naturleg at Stortinget blir først orientert om vegen vidare. Derfor blir dei noverande tiltaka forlengde til ut 19. januar, sa helseminister Bent Høie (H) på ein pressekonferanse onsdag.

Regjeringa offentleggjorde søndag fleire nye smitteverntiltak, mellom anna full skjenkestopp og ei grense på fem personar i private samankomstar utanfor eigen heim.

Tiltaka gjaldt frå måndag, og skulle i første omgang vare til 18. januar, men no blir altså tiltaka forlengde med éin dag.