Heimeundervisning og sjølvstudium ved dei vidaregåande skulane

Volda vidaregåande skule.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Dei vidaregåande skulane i både Ørsta og Volda startar det nye året med heimeundervisning. Dette vart informert om på skulane sine heimesider etter at regjeringa søndag kveld fortalde at smittesituasjonen gjer at vidaregåande skular landet rundt får raudt nivå.

På Ørsta vgs si heimeside stod det å lese: «Viktig orientering! Det vert sjølvstudium for alle elevar den 4. januar. Ikkje kom til skulen.»

Skuleleiinga skreiv vidare at dei trengde måndag til å planlegge overgongen til delvis digital skule. Nærare informasjon om 5. januar kjem på heimesida til skulen, Its learning og Facebook.

På Volda vidaregåande skule si side orienterte rektor Trond Hjelseth søndag kveld at det vert digital heimeundervisning både måndag og tysdag. Korleis det vert frå onsdag av, er førebels ikkje spikra:

«Så snart vi har klar ein god plan for dei komande dagane vil de straks få beskjed. Når vi t.d. har skaffa oss oversyn over praktiske omsyn både i høve oppsamlingsprøver, fagdagar mv. vil plan for undervising på skulen og heime bli publisert. Elevar som treng utstyr, bøker o.l. kan likevel kome på skulen og hente dette i løpet av morgibdagen», skreiv Hjelseth søndag kveld.