– Ha låg terskel for å late deg teste

Koronatesting teststasjonen Hovdebygda desember 2020.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Kommuneoverlege Unni Natås ber innbyggjarane ha låg terskel for å halde seg heime ved luftvegsinfeksjon, og for å ta ein koronatest.

I ei pressemelding syner Natås og Ørsta kommune til pressekonferansen til regjeringa søndag kveld, der det vart varsla innføring av strengare smitteverntiltak.

– Det er svært viktig at vi alle saman følgjer smittevernråda. Noko av det aller viktigaste er at vi har låg terskel for å halde oss heime ved luftvegssymptom og bestille koronatest. Dette er vesentleg for å ha oversikt over smittesituasjonen og det viktigaste grunnlaget for raske tiltak for å stoppe spreiinga av covid-19, heiter det frå Natås.

Ho viser til at teststasjonen i Hovdebygda, som er felles for Ørsta og Volda, har god kapasitet.

– Du kan bestille time digitalt eller på tlf. 700 58 960 (mån – fre, kl. 09-14), heiter det frå kommunen.

Folk er velkomne til å ta test:

– Om du mistenkjer at du kan vere smitta eller utsett for smitte

– Om du kjem heim frå stader med høgare smitte (Noreg eller utland)

– Om du har symptom på ein luftvegsinfeksjon, sjølv om symptoma er svake