– Test deg når du kjem heim

Kommuneoverlegane i Volda og Ørsta rår tilreisande til teste seg for covid-19 med det same dei kjem heim.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

– Ein etterlengta juleferie står etter kvart for døra. Vi gler oss til å treffe slekt og vener. Det er viktig å kunne gjennomføre dette på ein trygg smittevernmessig måte, skriv Ørsta kommune på sine heimesider.

Kommunen har utarbeidd nokre råd for at julefeiringa kan bli slik som tenkt.

  1. Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontaktar med andre som råd er.
  2. Pass på godt smittevern når du reiser.
  3. Vi rår til at du tek ein test ved teststasjonane våre med det same du kjem heim. Bestill time 1-2 virkedagar før du kjem heim.
  4. Dei 2–3 første dagane etter du kjem heim, i alle tilfelle til du har svar på ein test, så har du kontakt berre med din næraste familie der du bur. Besteforeldre og vener får vente på deg desse dagane.
  5. Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap.

– Råda gjeld både dei som kjem heim til Sunnmøre på juleferie, og for dei som reiser ut av regionen for å feire jul ein annan stad i landet, opplyser kommuneoverlegane i Volda og Ørsta kommunar.