Ny elev smitta- fleire må i karantene

Volda vgs: To elevar er koronasmitta. 

Nyheiter

Ein elev til ved Volda vidaregåande skule har testa positivt, skriv Volda vidaregåande skule på si heimeside. Dette er klart etter at nærkontaktar av ein annan smitta elev har fått svar på testprøvene.


Koronasmitte på Volda vgs

70 elevar og 7 lærarar i karantene

Ein førsteårs-elev på Volda vidaregåande skule har fått påvist korona-smitte, får Møre-Nytt opplyst laurdag ettermiddag.


- Det har etter testing no i helga, blitt påvist smitte hos ein elev som går i same klasse som den eleven vi melde om laurdag, skriv skulen på heimesida si.

Mange av nærkontaktane er alt i karantene, men eleven det no gjeld har vore i andre grupper enn den første, og dermed må fleire elevar i karantene, opplyser skulen.


Ventar testsvar søndag kveld eller i løpet av måndag

Innfører førebels ikkje strengare tiltak


Frå før var 70 elevar og sju lærarar i karantene.