Volda vgs. får tilbygg

Volda vgs: Det vert bygt ny TPO-base ved Vodla vidaregåande skule. 

Nyheiter

Fylkestinget har vedteke å løyve 18,6 millionar til tilbygg for tilpassa opplæring ved Volda vidaregåande skule.

Tilbygget skal vere ferdig til våren 2022.

– Basen for tilpassa opplæring ved Volda vgs. har vore sprengt dei siste åra, og det har vore knapt med areal. Det både til TPO, som gjer at ulike areal som har vore spreidd har blitt brukt, og fordi søkinga generelt til Volda har auka. Det gir også utfordringar for arbeids- og læremiljø. Derfor er det svært gledeleg at vi kan gjere vedtak som kan bety byggestart neste haust, sa per Ivar Lied (Sp) i fylkestinget då saka vert vedteken.

Han la vekt på at den nye TPO-basen gir meir tryggleik både for elevar og føresette.

Den nye vidaregåande skulen i Ørsta skal også ha ein base for tilpassa opplæring.