– Lengtar etter fotball!

I korona-tida har det vorte litt meir innetid med puslespel og strikking på Sunniva Myrold.

Lengtar: – Eg hadde håpt at korona var over i morgon, og at eg igjen kunne få spele fotball med Hødd United! seier Sunniva Myrold (26). 

Det er utfordrande at pandemien varer så lenge, og det er krevjande for alle å ikkje vite kor lenge det vil vare. Vi veit at einsemd påverkar helse, og at alle treng å bli sett

Kristin Vik
Nyheiter

– Dette er kjekt å halde på med, men eg skulle gjerne ha gått på fotballtrening med Hødd United og vore på «klubben» på folkehøgskulen. Og så skulle eg ha vore litt meir saman med venner. No får eg berre besøke næraste familie, og eg kan ikkje besøke dei to søstrene mine i Bergen, seier Sunniva.