«For seint å krangle om Volda Campus Sparebank1 Arena-namnet no!»

Arild Bakke er styreleiar i Volda Campus Arena AS.  Foto: Arkiv

Nyheiter

- Det er alt for seint å gjere endringar i namnet «Volda Campus Sparebank1 Arena» no! Vi hengjer snart opp namneskilta!

Det seier Arild Bakke, styreleiar i Volda Campus Arena, etter at kjendis-professor Gunnstein Akselberg slakta idrettshall-namnet, og meinte ein heller bør kalle hallen Voldahallen eller Volda arena.

Akselberg er kjend frå Eides språksjov, og uttalar seg i denne saka som stadnamn-konsulent for Språkrådet. Professoren påpeikar også at kommune og stat har kosta langt over halvparten av investeringa i ny idrettshall, og at Volda kommune difor bør ha mykje å seie om kva for eit namn hallen skal ha. (Jf. med § 1 i stadnamnlova.)

«Me oppmodar Volda kommune til å ta denne saka opp som ei fullverdig namnesak», skriv Akselberg.

Volda Campus Sparebank1 Arena - eller kanskje berre Volda arena eller Voldahallen?  Foto: Svein Aam

Som har fått støtte av Volda-ordførar Sølvi Dimmen:

- Eg klarer ikkje å stokke orda rett når eg skal seie «Volda Sparebank1 Campus» og så vidare... Eit svært lite brukarvenleg namn, i motsetnad til Voldahallen, som vil høve godt.

Ordføraren meiner det – ikkje minst i hjartet av nynorsk-land – er viktig å bruke eit godt og klart språk, - og finne gode, norske namn på både idrettshallar og anna.

- Banken betalte 9 mill for namnet

Men styreleiar Bakke understrekar at her har dei kome alt for seint på banen:

- Namnet har vore kjend i lange tider. No er skilta bestilte, og vert monterte på hallen rundt nyttårstider, seier Bakke.

- Og saka er jo også den at namnet «Volda Campus Sparebank1 Arena» er regulert i ein avtale mellom Volda Campus Arena AS og Sparebank1 Søre Sunnmøre. Dei er generalsponsor og har betalt ni millionar kroner for namnet.

- Personleg er eg forresten meir oppteken av å fylle hallen med innhald enn kva namneskilt som heng på veggen, seier Bakke, som reknar med at det vil bli opp til folket kva nyehallen kjem til å bli kalla sånn til kvardags...