Ny helseleiar smitta

Korona-testing.  Foto: Svein Nordal

Nyheiter

Ytterlegare ein leiar har testa positivt for covid-19. Det melder Volda kommune torsdag.

– Denne personen var sett i karantene som nærkontakt til dei andre leiarane ved helse og omsorg som har testa positivt og er no sett i isolasjon. Arbeid med kartlegging av nærkontaktar held på. Vi kjenner ikkje til at leiaren har hatt pasientnært arbeid. Nærkontaktar vert sett i karantene fortløpande.












Fjorten nye korona-tilfelle i Ørsta-Volda siste veka

Mange smitta etter bønemøte


Helsestasjonen har valt å halde stengt i dag i påvente av testresultat og avklaring av situasjon.

– Dette som eit føre-var tiltak. Planlagde oppdrag er utsett. Førebygging og rehabilitering på omsorgssenteret i Volda har stoppa inntak av pasientar som eit føre-var tiltak.

Heimebasert teneste har sett i verk beredskapsplan der dei avgrensar tenestene og ikkje tek besøk der det ikkje er nødvendig. Dette er også eit føre-var tiltak.

– Smitten vart spreidd på eit møte der smittevernrutinane vart følgt nøye. No har kommunen fått på plass databehandleravtale for sensitive personopplysningar og kan difor i større grad nytte nettmøte i den administrative drifta. Det vert stengt for besøk på Volda omsorgssenter. Pasientar som er dårlege vil få tilrettelagt for besøk. Dette er av omsyn både for bebuarane, tilsette og besøkande. Pårørande må ta kontakt med avdelinga for å gjere avtale om besøk. Vi oppmodar om at besøk på Fjordsyn og Barstadmarka også vert sterkt redusert.

264 personar i Volda og Ørsta har blitt testa frå måndag til torsdag denne veka. Førre veke vart 423 personar testa.