"Ramoen" vert fast gjest på Ørstaterminalen ein periode. Årsaka er at PE Bjørdal skal gjere arbeid ombord på fabrikktrålaren frå Vartdal/Herøy/Ålesund.
Teknisk sjef i Ramoen-reiarlaget, Atle Vartdal, har tidlegare fortalt til Møre-Nytt at dei skal bygge om filetfabrikken.
-Vi ønkjer mellom anna større kapasitet for filetsortering, fortalte Atle Vartdal.
Det er PE Bjørdal som har levert fabrikken om bord på trålaren.
Ørstaterminalen har rigga til med landstraum for høvet.