Endå ein koronasmitta i Volda

Nyheiter

Volda kommune har melder om eitt nytt smittetilfelle onsdag ettermiddag.

- Dette er ein person som er busett i Volda og er nærkontakt til personen som kom frå raudt land og testa positivt den 17. november. Denne nærkontakten har vore i karantene sidan 17. november, og det er difor ikkje venta smittespreiing frå dette tilfellet, skriv kommunen i ei pressemelding.

Denne personen er altså ikkje knytt til det store smitteutbrotet i Nordfjord/ Søre Sunnmøre dei siste dagane.

Tidlegare onsdag melde Ørsta om fire nye koronapositive, og tre av dei er knytte til helsetenesta i Volda.