Ulstein kommune melde onsdag at ein forelder til ein elev ved Ulstein vidaregåande skule har testa positivt for covid-19. Smittekjelda er kjend og har samanheng med smitteutbrotet i Volda.
- Nærkontakter til forelderen og klassa med elevar og lærarar er sett i karantene. Smittesporingsteamet jobbar vidare med nærkontaktar og smittesporing, opplyser Ulstein kommune.