Rekkedal Gjestehus søkjer støtte

Bjarne og Margrethe Rekkedal, Rekkedal Gjestehus.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Rekkedal Gjestehus har sendt søknad til Ørsta kommune og Ørsta Næringsfond om støtte til elveførebygging, drenering, nye aktivitetar og marknadsføring.

I søknaden viser drivarane av gjestehuset til at tunet ligg like ved Bondalselva, som er ei typisk flaumelv. Elva deler seg femti meter oppom tunet og sideelva fungerer som «overløp» ved flaum. Det er no fylt opp med masse ett er fleire store flaumar. NVE sin oppsynsmann har vore på synfaring og konkludert med at her må reinskast opp for å unngå at elva kan gjere skade på gjestehusa. Kostnaden vert 140.000, og ein kan ikkje rekne med støtte frå NVE.

Vidare er tunet utsett for store mengder overvatn ved mykje nedbør. Tiltaka mot dette er kostnadsrekna til 150.000 kroner.

Kundane etterspør nye aktivitetar, og Rekkedal Gjestehus ynskjer å utvikle ulike pakkar til ulike kundegrupper. Ein ynskjer også å betre marknadsføringa av Rekkedal Gjestehus, og anslår at nye aktivitetar/marknadsføring vil koste 300.000 kroner.