Kjendis-professor ber kommunen endre "Volda Campus Sparebank1 Arena"

Volda Campus Sparebank1 Arena - eller kanskje berre Volda arena eller Voldahallen?  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Professor Gunnstein Akselberg – for dei fleste mest kjend frå NRK-programmet Eides språksjov – er ikkje begeistra for namnet på Volda si nye storstove, Volda Campus Sparebank1 Arena. Namna Volda arena og Voldahallen er langt betre, meiner professoren.