Vil ikkje hjelpe til med gang- og sykkelveg her

Nyheiter

Fylkeskommunen seier nei til å forskottere midlar til utarbeiding av ein reguleringsplan for gang- og sykkelveg langs fv. 655. Det gjeld strekninga frå Mosflatevegen til Brungot.

Fylkeskommunen viser til at ei slik forskottering berre kan skje om prosjektet ligg inne i fylkeskommunen sin investeringsplan. Det gjer ikkje dette prosjektet.