Omdirigert til Festøya grunna jordras

Illustrasjon.  Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten

Nyheiter

Ferjesambandet Hareid-Sulesund vert søndag omdirigert til Hareid-Solevågen. Overfarten vil ta om lag 1 time, opplyser Fjord1.

Sambandet vert trafikkert med to fartøy. Det vert timesavgang frå begge sider frå kl. 11:30 søndag – og utover.

Årsaka er eit jordras som gjekk over fylkesveg 61, like aust for Sulesund ferjekai.

Politiet gjennomførte natt til søndag eit overflatisk søk i området, og ifølgje Sunnmørsposten er det ingenting som tyder på at nokon er tatt av raset, som gjekk ved Vindsneset i Sula.

Vegtrafikksentralen melder at vegen ikkje vert opna søndag grunna ustabilitet i rasområdet. Ny vurdering vert gjort måndag.

– Ferjetrafikken vil difor halde fram med å gå mellom Hareid-Solevågen, med behovsanløp til fastbuande på Sulesund.