Astrid Sandvik fann denne ballongen i Oppstryn...

... som ein 3-åring mista i Liverpool

– Eg trudde først det var ei drone som kom flygande ned frå Skålabreen..

Langreist:Astrid Sandvik, møbelsnekkar ved Tonning og Stryn AS, med ballongen som altså har «overlevd» ferda på heile 1.110 kilometer frå storbyen Liverpool, over Nordsjøen, til Fosdalen i Oppstryn. – Det er ganske utruleg, seier Astrid Sandvik som gjerne sender den tilbake. Historia bak er nemleg nøsta opp.   Foto: ROGER OLDEIDE

Nyheiter

Fjordingen: Astrid Sandvik, busett på Fosnes i Oppstryn, var på søndagstur inne i Fosdalen sør for Jostedalsbreen Nasjonalparksenter. Ho har gått tur i denne dalen tallause gonger før, men søndag fekk ho auge på noko skinande blankt som dreiv ned frå Skålabreen.