Svinaktig godt vervarsel

Barna ved Hornindal barnehage lurer på når snøen kjem. Grisemilten som Reidunn Otterdal har teke med frå heimgarden viser at snøen kjem i februar.

Grisemilt: Reidunn Otterdal er pedagogisk leiar ved Hornindal barnehage. Her med kosegris, og grisemilten som varslar snømengde gjennom vinteren.   Foto: TERJE ENGÅS, SUNNMØRSPOSTEN

Nyheiter

Sunnmørsposten: – Det er fast at vi slaktar gris i november. I år skjedde det sist laurdag. Det er også fast at vi tek ut milten for å sjå kva for vinter vi har i vente, forklarer Reidunn Otterdal.