Med kvite marker heiv skuleelvane seg rundt

Alva Rekkedal Lerheim leiar an i sporet.  Foto: Einar Myrold

Nyheiter

– Det gjeld å hive seg rundt når du har sjansen, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold ved Ørsta ungdomsskule.

Fredag var den eine 8.-klassegruppa i valfag Frisk og rask i skistallen til skulen og henta sko, stavar og ski. Turen gjekk til Mosflata der lærar Martin Klein Larsen viste prov på god skiteknikk. I flott vintervêr fekk alle elevane øvd på klassisk teknikk.

Frida Murberg Digernes først i sporet.  Foto: Einar Myrold

Med plussgrader i helga vert nok ikkje snøen liggande lenge i denne omgang.

– Å ha ein skistall der vi har alt av utstyr gjer at alle elevane kan bli med. Alle har dermed likt utstyr og det er fellestanke bak skistallen. Dette fungerer veldig bra, seier Myrold.

Ungdomsskulen håpar at det kjem meir snø. Både Frisk og rask-gjengen og i kroppsøvingstimar vert skistallen brukt, og skulen har planar om turar i Daleteigane og ha skidag på Bondalseidet seinare i vinter.

Frisk og rask-gjengen på Mosflata med Melshornet i bakgrunnen.  Foto: Einar Myrold