Reagerer sterkt på forslag om å stoppe reguleringsplan

– Vi føler oss førte bak lyset

– Vi har betalt for dei dyraste tomtene som nokon gong er selde i Ørsta. No fell fordelane ifrå. Vi som er i ferd med å etablere oss, og skal vere neste generasjon ørstingar, fortvilar over Senterpartiet sine handlingar.

Fortvilar: Naboane på Mosbakkane reagerer på forslaget om å stoppe reguleringsplanen for området B10 på Fremre Mo. Frå venstre: Jan Olav Bjørdal, Bjarne Solbakken, Ida-Therese Egset Solbakken med dottera Maiken, Rune Sandøy og Helga Skei Nydal med sonen Karsten. Ikkje høve til å stille på bilete: Britt Brekke, Sindre Åmås og Hege Skjåstad Lied med familie, Morten Ose og Kristin Årøen med familie. Foto: Rune Sæbønes 

Nyheiter

Det seier ei større gruppe med naboar som held på å etablere seg på Mosbakkane etter at Senterpartiet og SV gjekk inn for å stoppe vidare utbygging på Fremre Mo. Det planlagde bustadfeltet på Fremre Mo skal knytast saman med det eksisterande bustadfeltet på Øvre Mo. Om utbygginga vert stoppa meiner utbyggjarane på Mosbakkane at dei ikkje får det dei vart lova då tomtene vart kjøpte.