Koronaen har ført til 100.000 i SMS-ekstrakostnader for høgskulen

Koronaen har ført til at studentane får hyppige sms-ar frå høgskulen. Dyrt har det blitt også.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Korona-pandemien får mange underlege utslag, ikkje minst økonomisk. Høgskulen i Volda melder at dei hittil har brukt 100.000 kroner ekstra på SMS-meldingar på grunn av korona.

Studentar får nemleg tekstmeldingar frå høgskulen når det står noko ekstra på – til dømes når det vert gjort vesentlege endringar i studiet, som til dømes endra eksamensform.

Vanlegvis har rekninga for slike tekstmeldingar vore på fem tusen kroner i året, men så langt i 2020 har høgskulen brukt over 110.000 kroner på tekstmeldingar til studentar, og det er endringar på grunn av korona som har ført til dette.