Ventar krevjande budsjettprosess

– Trur vi endar i Robek til slutt

Per Are Sørheim (H) trur at Ørsta kommune vil hamne i Robek på ny. Politikarane er klare på at årets budsjettprosess vert svært krevjande.

Realitetsorientering: Per Are Sørheim (H) trur at Ørsta kommune vil hamne i Robek igjen, men manar for større omstilling og effektivisering av drifta. 

Nyheiter

– Realitetane i Kommune-Noreg er at vi slit med økonomien. Utfordringa er å greie å henge med investeringsbehovet utan å drage på oss for store rente- og avdragskostnader, sa Stein Aam (Sp) då budsjettdebatten vart innleia i formannskapet.