Vil stoppe nytt bustadfelt

– Ein katastrofe for sentrumsutviklinga

At Senterpartiet, saman med SV, vil prioritere jordvern framfor byggefelt på Fremre Mo skapte sjokkbølgjer i formannskapet. No skal eit samla kommunestyret avgjere saka.

Jordvern: Stein Aam og Senerpartiet vil at Ørsta skal ta vare på jordbruksarealet på Fremre Mo og i staden bygge bustader i Mosmarka retning Mosdalen. 

Nyheiter

Område B10 på Fremre Mo er tenkt som neste steg i bustadutviklinga i Ørsta sentrum. Totalt er det planlagt om lag 260 nye bueiningar i området og det vil vere eit bustadområde for om lag 572 personar. Bustadfeltet skal knytast saman med feltet på Øvre Mo. For å kunne realisere planen vil om lag 150 dekar dyrka og dyrkbart areal bli nedbygt. I staden for at planen vart lagt ut til offentleg ettersyn etter handsaming i formannskapet ville Senterpartiet at planen skulle stoppast.