Ørkenvandringa for hestesporten er snart over

– Dette vert fantastisk! Heilt fantastisk.

Mosflata: Hestesporten i Ørsta femnar breitt, frå avl til travsport, og alt i mellom. I Ørsta er det tre aktive klubbar, som no samarbeider for å få bygd hall på Mosflata. I spissen for Ørsta Hest AS, Margrete Homlong Øyehaug. Hallen på Mosflata vert 70 meter lang og 23,5 meter brei, og skal ligge akkurat der denne gjengen står, og planen er å starte bygginga i desember.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Margrete Homlong Øyehaug står i våt grus og smiler heilt rundt. Rundt henne står representantar frå den svært rikhaldige hestesporten i Ørsta. Og det er ikkje kvar som helst dei har samla seg.