Kan ikkje gjere lokale unntak

– Har du ein liten eldstad må du betale avgift

Sel og hytter på Mosetra og Vallasetra vil no betale feiegebyr.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Direktoratet for samfunnssikkerthet og beredskap (DSB) har fått mange førespurnader frå ulike kommune, også Ørsta kommune, m feiing og tilsyn med fyringsanlegg i sel og seterhus. Ørsta kommune har blitt kontakta av mange om kvifor dei no får ei ekstra feieavgift. I formannskapet fredag orienterte Ivar-Otto Kristiansen, seksjonsleiar tekniske tenester, om svaret frå DSB. Direktoratet vil sjå nærare på utfordringar med å gjennomføre feiing og tilsyn med fritidsbustader utan adresse, utan eg, med lang avstand til veg, med minimal bruk og liknande.