Vil endre køen på skuleutbyggingar

Levekårsutvalet vil prioritere Ørsta ungdomsskule for å få løyse rommangelen dei har. Men utvalet vil halde ope om det skal skje i form av brakker, eller med eit tilbygg, slik administrasjonen ynskjer.

Synfaring: Kirsti Øy Driveklepp orienterer medlemmene i levekårsutvalet. F.v.: Øy Driveklepp, Anbjørn Steinholm Frislid, Odd Magne Vinjevoll, Are Folkestad, Cindy Hoddevik og Liv Randi Volle.  Foto: Rune Sæbønes

Nyheiter

Det kan gå mot ein heit haust i politikken i Ørsta. Dei vedtekne prioriteringane av ny sentrumsskule for 5. til 7. steg ved noverande Velle skule, ny skule og barnehage på Sæbø og nytt symjeanlegg i Ørsta kan verte sett bak i køen til fordel for Ørsta ungdomsskule.