Bil av vegen i Åmdalen

Nyheiter

Ein bil køyrde utfor vegen øvst i Åmdalen søndag ettermiddag. Det var tre personar i bilen, og dei vert tatt med til legevakta for sjekk. Politiet sin operasjonssentral opplyser til Møre-Nytt at bilen køyrde av vegen i den krappe svingen ved Bjørdalsbakkene/Bondalseidet.

På twitter skriv politiet klokka 1800: "Bil køyrt utfor vegbanen. Skal ligge på sida. Tre personar i bilen. Er i telefonisk kontakt. Hevdar seg uskadde. Naudetatene på vei til staden"