Søndagstankar

«Kjærleikens varmande kåpe»

søndagstankar: Kven kan vi, med vårt liv og vår kjærleik vise at livet framleis er verdt å leve? Stiller sokneprest Arne Moltubak spørsmål om. 

Nyheiter

Volda-diktaren Anders Vassbotn (1868-1944) har ikkje berre gitt oss teksten til salmen «Å leva det er å elska». I 1891 skreiv han også dette vesle stykke i Arbeiderens Røst:

«Mellom dei eventyra eg høyrde som barn, då eg sat på fanget hans bestefar, er det særleg eitt som ofte kjem fram i minnet: Det er eventyret om guten som breidde trøya si over ein stein, for han tykte det var ille at steinen skulle frysa. Då han sidan kom tilbake der steinen låg, hadde han snudd seg, og det låg ein skatt under. (...) Lat oss breie kjærleikens varmande kåpe kring dei mange som frys! Her er så evinneleg nok av slike som preikar dygd og moral, men så altfor få som vil leva eit liv i kjærleik og brorskap, leva livet for kvarandre og ikkje berre for seg sjølv. Då skal det syna seg at det ligg mang ein skatt gøymt, som no frys bort under eit ukjærleg jag etter å eta kvarandre opp.» (Kjelde: Stevnemøte med Salmeboka, Vidar Kristensen, 2019»

Eg skulle ynskje eg kunne skrive at Vassbotn sine ord var gått ut på dato. Men det ville nok vere ei ganske så stor løgn. Sanninga er vel heller at orda hans er akkurat like aktuelle i dag som i 1891. Eg trur vi i dag, som den gang, treng Vassbotn si påminning om kva som verkeleg gjeld, ord eller handling, nestekjærleik i teori eller nestekjærleik i praksis?

Det er mange, både fjernt og nært som treng, ei kjærleikens varmande kåpe. Det er mange som frys, både inni og utanpå. Nei, vi kan ikkje varme alle, men alle kan varme nokon! I evangelieteksta for søndag les vi også om omsorg og kjærleik. Vi les om Maria som salva Jesus med olje og tørka føtene hans med håret sitt og vi les om Jesus som «var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus». Les vi vidare i Johannesevangeliet får vi lese om korleis Jesus vekker Lasarus opp frå døden og gjev han livet tilbake.

I dag går utfordringa til deg og meg: kven er det i og rundt oss og våre liv som treng ei kjærleikens varmande kåpe? Kven kan vi, med vårt liv og vår kjærleik vise at livet framleis er verdt å leve?

Johannes 11,1-5

1 Ein mann som heitte Lasarus, låg sjuk. Han var frå Betania, den byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i. 2 Det var Maria som hadde salva Herren med olje og tørka føtene hans med håret sitt. Lasarus, som låg sjuk, var bror hennar. 3 Systrene sende då bod til Jesus og sa: «Herre, han som du er så glad i, er sjuk.» 4 Då Jesus høyrde det, sa han: «Denne sjukdomen fører ikkje til døden. Nei, han er til Guds ære; han skal herleggjera Guds Son.» 5 Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus.