Tatt for bilkøyring i amfetaminrus

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Ei kvinne i 40-åra er tiltalt for fleire brot på vegtrafikklova.

Ifølgje tiltalen vart det tatt blodprøve av kvinna etter køyreturar i mai og juli i år. Prøvene viste at kvinna var påverka av amfetamin ved det eine høvet og amfetamin og metamfetamin ved det andre høvet. Kvinna er tiltalt for å brukt amfetamin og for køyring utan gyldig førarkort.

Saka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett i desember.