Ønskjer ikkje veggmåleri

Treng oppussing: Samfunnshusveggen i Volda.   Foto: Arkiv/Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

– Alle kan vere samde om at fasaden på samfunnshuset treng renovering.

Så langt er alle samde altså, men korleis veggen skal sjå ut har det vore meir diskusjon om.

– Det har kome forslag om at sørveggen på samfunnshuset bør smykkast med eit veggmåleri, skriv administrasjonen i ei sak til tenesteutval for oppvekst og kultur i Volda, som har møte 14. oktober.


Voldas styggaste vegg?

Vil gjere denne veggen til ein attraksjon

Veggen på samfunnshuset i Volda har behov for oppussing. No vert det foreslått å gjere han om til eit lerret for gatekunst.


– Dette er ein prosess der det først må gjerast betongrehabilitering før det den estetiske rehabiliteringa kan skje. Administrasjonen arbeider for at betongrehabiliteringa skal skje snarast råd. Etter dette rår kommunedirektøren til at fasaden beheld sitt opphavlege visuelle uttrykk, og vert måla einsfarga i opphavleg fargepalett.

Tilrådinga er altså: Veggane på samfunnshuset vert måla i den eksisterande fargekombinasjonen huset har i dag; mørkeraud og gråbeige.