Kan ha funne endå eit gudshus

– Viss dette er kva vi trur, er det like spektakulært som funnet av gudehovet frå vikingtida, fortel arkeolog Søren Diinhoff.

Gudshus: Arkeolog Søren Diinhoff ved stolpehola han trur er restane etter eit gudshus frå seinromersk tid. 

Det som gjer dette interessant, er at det viser ei sentralisering av religiøse handlingar. Det igjen peikar på at dette har vore ein storgard, og som folk kom til for å utøve religionen sin

Nyheiter

Det kan vise seg at arkeologane som har vore i sving med utgravingar i åtte veker, kan ha gjort endå eit særmerkt funn av religiøs aktivitet. Det handlar om ein ringforma bygning i tilknyting til eit langhus som stammar frå seinromersk tid, om lag 500-talet.