Åtvarar mot kattepest i Ørsta

Veterinær Siw Lødemel ved Ørsta og Volda dyreklinikk fortel at det er påvist kattepest i Ørsta. Ho oppfordrar alle katteeigarar til å vaksinere både inne- og utekattar.

Veterinær Siw Lødemel åtvarar mot kattepest.  Foto: Camilla Hjelmeseth/Sunnmørsposten

Nyheiter

(Sunnmørsposten): Det var i førre veke at parvoviruset, kattepesten, vart påvist hos ein kattunge. Kullsystra hadde blitt brått sjuk og døde. For å finne ut kva som var gale med den alvorleg sjuke kattungen som framleis var i live, sende Lødemel avføringsprøver inn for analyse. Dei kom tilbake positive for blant anna kattepest.