Åsatruarane er forsiktige optimistar etter gudehov-funnet i Ørsta

– Funnet kan vere med på å bygge ut det vesle fundamentet vi har

– Det minste som kan gjerast er å markere området.

Åsatruar: Sigrid-Anette Vatne er åsatruar. I Varda blotslag har funnet på Ose blitt flittig diskutert. Meiningane er mange, men Vatne sjølv er forsiktig optimist om det er det første gudhovet i Noreg som er funne i Ørsta. 

Nyheiter

Det seier åsatruar Sigrid-Anette Vatne i Varda blotslag om dei historiske funna på Ose. Åsatrua i dag er ei moderne fortolking av ein gammal religion forankra i norrøn mytologi. I trussamfunnet har sjølvsagt utgravinga på Ose blitt lagt merke til.