Mykje blålys på vegane

Brannmannskap i Ørsta har denne veka gjennomført kurs i utrykkingskøyring.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Denne veka har det vore ekstra mykje blålysaktivitet på vegane i Ørsta kommune. Årsaka til dette er at lokalt mannskap gjennomfører kurs i utrykkingskøyring. Brannsjef Thomas Winther Leira opplyser at kurset vert gjennomført denne veka.

– Gjennom året har vi og vedlikehaldskurs med mannskapet. Det er viktig at dei som er ute og køyrer oppfører seg som ved ei normal utrykking når øvingsbilen kjem. På den måten får vi best utbytte av øvinga, seier brannsjefen.

I tillegg til kurs for brannmannskap har og øvingsbilen til ambulansetenesta vore synleg på vegane denne veka.