Grøn satsing frå Vik Ørsta

Leverer grøne boltar til Nordøyvegen

60.000 sikringsboltar frå Vik Ørsta med resirkulert plast frå fiske- og oppdrettsnæringa skal nyttast i bygginga av Nordøyvegen.

Resirkulert plast: Vik Ørsta og Pla-Mek har samarbeida i tjuefem år. No har dei kome fram til ei meir miljøvenleg løysing på plasten til sikringsboltane. Til venstre avdelingsleiar for berg Per Svein Krøvel i Vik Ørsta og salsleiar Kai Roger Bjørdal i Pla-Mek. 

Nyheiter

Vik Ørsta har som mål å ha ein produksjon som er mest mogleg miljøvenleg. Saman med bedrifta Pla-Mek har dei no utvikla ein sikringsbolt nytta til bergsikring som nyttar resirkulert plast. Plasten i dei grøne injeksjonsrøra rundt sikringsbolten stammar opphavleg frå norsk fiske- og oppdrettsnæring. Plasten blir samla inn, granulert og nytta i produksjonen av injeksjonsrøra.