Lite søkk blir hasteprosjekt

Volda kommune må fikse skade på Europavegen - og det hastar.

Under det vesle søkket på E39 skjuler det seg problem med den kommunale avløpsleidinga.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

Ved Pleieheimen i Volda har det oppstått eit lite søkk i vegbanen etter ein av flaumane i haust, som det no haster med å utbetre. Og det er Volda kommune som må ta på seg arbeidet, sidan det er den kommunale avløpsleidninga som er problemet.

- Det er etter inspeksjon mistanke om at skade på avløpsleidning er årsaka til søkket i vegbanen, og det er naudsynt å grave opp og skifte ut avløpsnettet ved vegen, skriv Volda kommune i ei anbodsutlysing.

Lyser ut på tilbod

Å utbetre det vesle søkket har altså blitt eit såpass stort prosjekt at det må lysast ut til tilbod. Og det hastar.

- Vegbane må rettast opp, og det vil truleg vere naudsynt med noko utskifting av masse i vegkropp. Søkket vil skape problem for vintervedlikehald av E39, så det er naudsynt atarbeidet ferdigstillast snarast råd, og seinast 1. november, opplyser kommunen.

Kan bli dyrt

Arbeidet vil få konsekvensar for trafikkavviklinga, og det er den som får jobben som må ta på seg å dirigere trafikken forbi. At ein europaveg vert berørt får og konsekvensar for omfanget av arbeidet.

- Tidlegare synfaring har indikert at det er leidninga som går frå kum og vestover gjennom kulvert som er grunn til at det har oppstått setningar i berelaget i vegen. Leidninga er inspisert med kamera, og det er synlege skadar i røyrveggen. Leidninga skal skiftast eller reparerast heile vegen gjennom kulverten, eventuelt leggast som isolert leidning på utsida. Arbeidet skal utførast på ein slik måte at leidninga i framtida toler belastinga trafikken på E39 påfører den, står det i anbodsutlysinga til Volda kommune..