Millionar til Vikeparken, som blir Tussaparken

Til 17. mai 2021 skal Vikeparken framstå i ny skrud, med diger geoball, trampoliner, vassleikeområde, klatrestativ og mykje anna kjekt. Og parken får det nye namnet Tussa-parken.

I Tussaparken: Gunnar Wangen, Elling Dybdal, Stein Aam, Lars-Ivar Egset, Ann Kristin Einbu og Eldar Øye. 

Kvifor no og akkurat i Vike-parken? Fordi Tussa vart stifta for sytti år sidan i Ørsta

Nyheiter

– Arbeidet er i gang, og parken skal opprustast for i alt 9,1 millionar kroner. Kommunen legg ut tre millionar, vi har fått fire millionar i støtte frå Kulturdepartementet – og så er vi svært glade og takksame for at Tussa går inn som storsponsor, slik at heile prosjektet no er fullfinansiert, sa Ørsta-ordførar Stein Aam.