Ørsta kulturhus

– Slik eg ser det bygger vi no skule og kulturhus for dei neste 75 åra

Det store spørsmålet denne hausten kan fort bli det skal byggast eit nytt kulturhus i Ørsta eller om ei renovering er den mest fornuftige løysinga.

Prosjektleiar Jan Vikestrand orienterte formannskapet om Ørsta kulturhus måndag.  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Tilstandsvurderinga av dagens Ørsta kulturhus viser at det snart må gjerast tiltak. Kva som skal skje med Ørsta kulturhus er under arbeid og måndag vart det lagt fram fire alternativ for formannskapet. Ei renovering har førebels ein estimert kostnad på 104,9 millionar kroner. Nybygg vert estimert til 109,4 millionar kroner. Rehabilitering og ny kino har fått ein prislapp på 114,7 millionar kroner og rehabilitering med nybygg er estimert til 129,5 millionar kroner.