Vil ha lokal forskift om bandtvang i Ørsta

Illustrasjon 

Nyheiter

Ørsta kommunestyre ber om at det blir utarbeidd lokal forskrift om bandtvang for hund i Ørsta.

I møtet torsdag kom Anne Sølvi Vatne (H) med eit forslag om at bandtvang må gjelde for alle beiteområde frå 1. april til 1. november.

– Vidare må bandtvang innførast i etablerte bustadområde, nær barnehagar, skuleområde, og idrettsanlegg.

Vatne endra sitt framlegg til at kommunestyret ber om at det blir utarbeidd lokal forskrift om bandtvang for hund i Ørsta. Kommunestyret gjekk samrøystes inn for forslaget.