Vil legge ned kortbaneflyplassar:

– Forslaget er heilt feil

Eit ekspertutval meiner at det optimale er færre flyplassar i Noreg. Fleire tek no til motmæle.

Færre flyplassar: Per Ivar Lied meiner at kortbaneflyplassane må vidareførast. 

Nyheiter

– Vi meiner det optimale for samferdselsnoreg må vera å få større volum på færre flyplassar. Det vil også vera gunstig for staten økonomisk sett. Samtidig kan du få lågare billettprisar, så det er eigentleg gunstig på alle kantar, seier leiar av ekspertutvalet og tidlegare Avinor-sjef Sverre Quale til NRK.