Opnar framdørene på bussane frå måndag

Frå måndag 10. august blir framdørene opna for påstiging på alle FRAM-bussar i Møre og Romsdal. For å hindre unødig kontakt mellom passasjerane, er det viktig at dei no går på gjennom framdøra og av gjennom bakdørene.

Frå måndag 10. august vil framdørene på alle FRAM-bussar vere opne att.  Foto: FRAM

Nyheiter

Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

- Med opne framdører kan passasjerane igjen få lest av billett kjøpt i FRAM-appen og på reisekort på billettlesaren framme i bussen, og det blir mogleg å betale med bankkort. SMS-betaling vil bli vidareført inntil vidare. Gyldig SMS-billett skal visast til sjåfør ved påstiging. Det vil framleis ikkje vere mogleg å betale med kontantar, då dette blir vurdert som ei smittekjelde.

FRAM oppmodar alle som kan, om å kjøpe billett på førehand.

- Vi er veldig glade for at vi no kan opne framdørene overalt i fylket, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar Drift i FRAM. Dette gjer det enklare for dei reisande å betale for billetten sin, og vi er heilt avhengig av desse inntektene for å kunne oppretthalde eit godt kollektivtilbod i fylket.

- Det er viktig å hugse på at vi framleis har ein pandemisituasjon og at det er avgjerande at dei reisande følger smittevernråda som framleis gjeld. Viss situasjonen utviklar seg negativt, kan vi måtte stramme inn igjen. Det håpar vi å unngå, men vi må følgje dei føringane som kjem frå myndigheitene, avsluttar Wiig.