Hornindal fekk mest nedbør i landet

Etter ein solrik og varm start på august vart det grått og nedbørstungt søndag. Hornindal fekk mest nedbør i landet.

Hornindal fekk 48,8 mm med nedbør på eit døgn.  Foto: @Meteorologene

Nyheiter

Det viser ei oversikt som Meteorologene frå Meteorologisk institutt publiserte på Twitter måndag. Målestasjonen i Hornindal registrerte 48,8 mm med nedbør på eit døgn. Ørsta fekk og mykje nedbør søndag. På Eitrefjell registrerte målestasjonen 37,9 mm med nedbør. Berre Innvik, Årdal og Hornindal fekk meir nedbør.

Dei komande dagane vil det truleg halde fram med grått og vått vêr på Søre Sunnmøre. Inn mot helga vil temperatuen stige att. I helga er det gode sjansar for at sola kjem tilbake, og langtidsvarselet viser at augustsola vil vise seg også etter helga.