Gull-arvingen som kasta loss

Millionær-Misså ville heller vere ein av gutta

Ho var fødd til rikdom i California, sidan ho arva fleire gullgruver, og såleis kunne ha slappa av i fredeleg luksus heile livet. Men så var det slik at ho likte seg best saman med vartdalingar om bord på ishavsskuta "Veslekari" i isøydet i nord.

I Museet: Brit Aanning Aarseth i Miss Boyd-museet på Vartdal. Foto: Svein Nordal 

Miss Boyd kunne vere kvass og hard om dei ikkje gjorde som ho ville.

Nyheiter

Louise Boyd var frå San Rafael i California. Ho levde frå 1888 til 1972, var multimillionær, og brukte litt av formua til å leige vartdalsskuta «Veslekari» til fleire ekspedisjonar til Arktis på 1930-talet.